Sunnfjord Triatlon sine konkurransereglar er i høve til konkurransereglementet til Norges Triathlonforbund (NTF), som igjen er underlagt reglane frå International Triatlon Unions (ITU).

Konkurransereglementet har til føremål å:

  • Sikre rettferdige konkurransar i god sportsand
  • Sikre deltakarane sin tryggleik før, under og etter konkurranse
  • Fremme evner og talent utan unødig avgrensning av utøvar sine moglegheiter
  • Gi sanksjonsmoglegheiter ovanfor utøvarar som tilegner seg ein urettmessig fordel

Lisens

Alle deltakarar må ha lisens. Har du ikkje heilårslisens, kan du kjøpe engangslisens, kr. 0 – 200 avhengig av alder. Sjåhttp://triathlon.no/lisens/for lisensreglar. Lisensen må du vise fram ved henting av startnummer.

Tidtakarbrikker

Festast på venstre ankel. Festar du den høgare enn knehøgde vil ikkje tida verte registrert.

Utleverte tidtakarbrikke skal leverast arrangøren umiddelbart etter målgang. Mistar du tidtakarbrikka vert det kravd erstatning.

Symjing

  • Vi held oss til Forbundet sine reglar for < 1 km distanse: Min. 13 grader med våtdrakt og min. 16 grader utan
  • Hanskar/sokker er ikkje lov om ikkje arrangør opplyser om anna
  • Fellesstart frå stranda

Stranda er open for ålmenta. Det må takast omsyn til ålmenn ferdsel og ungar som leikar i området.

Sykkel

  • Konkurransen er ”draft illegal”. Med dette meiner vi at det skal vere ein forsvarlig avstand mellom deltakarane når dei syklar:
    • Minimum avstand til sykkel framfor er 10 meter
    • Passering av andre deltakarar må skje i løpet av maksimum 20 sekunder
    • Orinære trafikkreglar gjeld. Ingen vegar er stengt, men det vil vere vakter ute i løypa
  • Det er påbudt med hjelm

Løp

Stranda der løp startar er open for ålmenta. Det må takast omsyn til ålmen ferdsel og ungar som leikar i området. Ordinære trafikkreglar gjeld ved løp langs veg.

Cut-off

Utøvarar som ikkje er i mål innan klokka 17.00, vil verte teke ut av konkurransen. Arrangørane har høve til å ta utøvarar ut av konkurransen om det er fare for tryggleiken.

Assistanse

Det er ikkje lov å få hjelp til skifting av hjul eller anna reparasjon av sykkel. Naudsynt reparasjonsutstyr må takast med under konkurransen. Langing frå bil er ikkje lov.

Generelt

Brot på konkurransereglane kan resultere i at utøvaren vert verbalt advart, eller straffast med 2 min stopp ved veksling, utøvarar som er tildelt straff må sjølv stoppe i vekslingsfeltet. Om du ikkje stoppar og tek straffa vert du diskvalifisert. Utøvar kan og verte diskvalifisert eller suspendert/utestengt.

Under konkurransen er det ikkje lov med:

  • Hodetelefoner av alle slag
  • Glasflasker
  • Mobiltelefonar
  • MP3-spelarar

Bilete

Det vert teke bilete under arrangementet som vert publisert på heimesida og facebooksida vår. Om du ikkje ynskjer å få bilete publisert, gjer vel å meld attende til arrangørteamet.

Protestar

Eventuelle protestar mot andre deltakarar, ilagt straff eller resultat må leverast til stemneleiar skriftleg seinast 5 minutt etter målgang, deretter har du 15 min på deg til å skrive ein protest. Det betalast ei avgift på 400 kroner som ikkje vert refundert om protesten vert avvist.

Stevnet sin jury vil handsame protesten på vanlig måte og meddele resultatet til klageren på steden.

Juryen si avgjersle er endeleg og kan ikkje påklagast.

Doping

Sunnfjord Triatlon og NTF følger Antidoping Norges regelverk. Alle utøvarar er ansvarlege for å sette seg inn i Antidoping Norges regelverk inkludert rutinar for testing. Ha ID kort med bilete tilgjengelig.