Her kjem viktig informasjon samla på ein stad, og alle må sjølv sikre at informasjonen er lest og forstått. Under finn du alt du lurer på, og litt til!

 

VELKOMMEN TIL 

Sunnfjord Triatlon. Logo.

laurdag 17. Juni 2023!

Klikk på sjølve dokumentet under, eller følg denne linken for å komme til fullstendig Race Manual

Ved spørsmål kan ein kontakte Steffen StuhaugTlf 952 34 603 eller e-post: steffen_stuhaug@hotmail.com

Du kan òg bruke Chat på facebook (Sunnfjord Triatlon 2023), så svarar vi så raskt vi kan.

Dette må du få med deg:

1. Alle deltakarar frå og med 13 år må ha Triatlonlisens for 2023 for å starte i konkuransen.

Dette kjøper du ved påmelding om du ikkje allereie har skaffa deg heilårslisens gjennom eigen klubb.
Lisensen er di forsikring om uhell eller anna skulle skje under konkurransen.

2. Konkurransen er «Draft illegal».

Det betyr at det skal vere forsvarleg avstand mellom deltakarane når dei syklar:

-Minimum avstand til sykkel foran er 10 m

-Passering av andre deltakarar må skje i
løpet av maksimum 25 sek

3. Det er ikkje lov å vere naken ved skifting.

4. Deltakar må ha bukse/shorts og tskjorte/singlett under både sykling og løping.

5. Det er ikkje lov med øyreproppar (musikk, telefon osb.) under konkurransen.

6. Det er ikkje lov til å få hjelp av andre i skiftesona.

7. Coaching og langing på sykkeldelen er ikkje tillatt.

8. Det er lov å motta drikke undervegs på løpsetappen.

9. Om du ikkje ynskjer å få lagt ut bilete som verte teke av deg i våre sosiale kanalar, må du melde i frå om dette på e-post til styret@tambarskjelvar.no før arrangementet

Påmeldingsfrist Sunnfjord triatlon er fredag 16.juni kl 18:00

Ver merksam på at vi har avgrensa med plassar for kvar distanse:

  • Knøttetriatlon – 100 plassar
  • Barnetriatlon individuell – 25 plassar
  • Barnetriatlon lag – 20 plassar
  • Kort løype/sprint individuell – 50 plassar
  • Kort løype/spring lag – 40 plassar
  • Lang løype/normaldistanse – 30 plassar