Lagøvinga er ein spennande måte å delta i Sunnfjord Triatlon på, der tre deltakarar fordeler etappane mellom seg. Det første laget som meldte seg på i år var Eid IL Ski 1, som består av ein sprek familie frå Eid. 

Her kan du melde deg på: https://signup.eqtiming.com/paamelding/sunnfjord-triatlon-2022/g295.31471?event=sunnfjordtriatlon

To skiskyttarar og ein ivrig mosjonist 
Som namnet røpa: Eid IL ski 1 er eit lag beståande av folk som trivast særs godt med snø og ski på beina. Dei er også temmeleg treffsikre.
– Laget består av Ada Johanne (17), Era Samuline (15) og meg, fortel mor Kari Prøven.
– Ada går første året på studiespesialisering på Sandane. Ho satsar på skiskyting utanom skulen, og har gått Norgescup i år. Era er konfirmant, og satsar også på skiskyting, seier ho og fortel at jentene har ein allsidig idrettsbakgrunn.
– Dei har fått prøve alt av idrettar. Dei har vore innom ballett, handball, fotball, turn, langrenn, skyting, symjing, baneskyting og skiskyting. Symjing haldt dei på med lenge, og Era dreiv også på med riding, fram til dei ville satse på skiskyting, seier Kari.

 

Era Samuline Borgund , Ada Johanne Borgund og Kari Prøven.

 

Tidligare triatlon-erfaring – også frå Sunnfjord Triatlon
Mor Kari fortel at begge har delteke i triatlon før.
– Ada har starta i Sunnfjord Triatlon før covid, og begge har delteke på Oslo Triatlon, i barneklassa, seier ho og fortel at dei har meldt seg på for å ha eit sommarmål med treninga.
– Vi meldte oss på for å ha nokre mål utanom skiskyttarsesongen. Dessutan kan ikkje mora ta det aleine då eg aldri badar utandørs. Det er og innmari kjekt å trene i lag mot et felles mål! Vi har delt det slik at Ada svømmer, Era syklar og eg spring. Målet er å ikkje komme sist i mål, seier ho og fortel at dei også har ein deltakar til i familien.
– Sonen min, Ari (10) er også påmeldt, i barnetriatlon. Han har også prøvd seg i ulike idrettar, men han likar best symjing og skiskyting. Han kosar seg også med klatring og parkour på Hamna.

Ari Petrus Prøven Borgund

Vinteren varer ikkje evig…
Kari beskriv seg sjølv som berre mosjonist, men det blir mykje og allsidig trening, og spesielt skøyting på ski har fanga hjartet hennar.
– Eg har dei siste tre åra lært meg å skøyte på ski og fått heilt dilla. Eg kan skøyte i evigheter og bare nyte det. Men vinteren varer diverre ikkje evig så eg har funnet andre ting som eg likar like mykje: Fjellet, der eg går mykje. Eg har funnet ut at eg skal gå Hornindal rundt, halvt løp i år, så der eg eg påmeldt. Eg er og særs glad i Hamna, treningssenteret på Eid. Der finn du meg omtrent dagleg, på ei mølle eller spinningtime, eller styrketrening i gruppe eller aleine. Trening har blitt en livsstil som gir tonnevis med energi, fastlår Kari, som til dagleg er lærar på Hjelle skule.
– Den finaste plassen!

Om du vil følgje familien fram til deltakinga, så finn du Kari på Instagram: @karistarpahodet

Les meir om Sunnfjord Triatlon her:

https://sunnfjordtriatlon.no/sunnfjord-triatlon-er-tilbake-18-juni/