Arrangørteamet ynskjer å takke deltakarar, frivillige, sponsorar og publikum for eit usedvanleg flott Sunnfjord triatlon 2023. Det var stor idrettsglede, gode prestasjonar og eit yrande liv på Sanden.


Knøttetriatlon vart arrangert for andre gong med over 80 startande. Litt kaos vart det, men det var pur lykke å spore i auga til ungane som sprang over målstreken og fekk medalje om halsen. Takk til foreldre som fekk med ungane og hjalp dei fram til mål.

Det er gledeleg å sjå at fleire deltek som lag – bedrifter, skule- nabo- og vennelag, og grupper i Tambarskjelvar IL. Stafett er gøy!

Individuelt startande på kort og lang løype gjennomførte med stil i det strålande veret. Dagen vart heilt perfekt på alle måtar, og det er stort fantastisk å sjå både nye og tidlegare triatletar på deltakar og resultatliste.

Fullstendig oversikt over Sunnfjord Triatlon 2023 sine resultat finn du her!

Ein ekstra takk til våre sponsorar som bidreg til dette arrangementet – det betyr mykje for bygda vår!


NOKRE BILETER FRÅ DAGEN:

TAKK TIL VÅRE SPONSORAR: