Publikum som kjem til Sunnfjord Triatlon på laurdag treng ikkje uroe seg over maten på laurdag. I serveringstelt på Sanden i Naustdal får du kjøpt pølser med brød, nybakte sveler, brus, kaffi og nydelege kaker. Her får du tak i både middag og kaffimat med andre ord.

I kioskane blir du møtt av 32 blide 8.klassingar. Dei utgjer, saman med foreldra sine, ein særs motivert dugnadsgjeng:

– 8. klasse i Naustdal jobbar dugnad og har ansvar for kiosksalet under Sunnfjord Triatlon, seier Annlaug Birkeland, som er klassekontakt, og forklarar kvifor elevane ivrig stiller på dugnad.
– Elevane og foreldra deira jobbar dugnad til bidrag for skuletur til Polen neste haust. Det er ei stor oppleving, som elevane gler seg veldig til. Elevane og foreldra er ein særs motivert og ivrig gjeng. Folk i Naustdal er flinke til å stille opp når det er noko, så vi satsar på godt frammøte, med mange folk som kjem, heiar og handlar. Det er jo ekstra stas å kjøpe god mat, når ein i tillegg støttar ei god sak. Veret rår vi ikkje over, men kioskane er i telt, så det blir lunt og godt uansett. Og så får du kjøpt nysteikte, varme, nydelige sveler som varmar godt.

På Sunnfjord Triatlon kan du dermed kombinere både ete godt, og ikkje minst gjere ei god gjerning. Møt opp, hei fram utøvarane og handle med elevane i kioskane.

Har du forresten huska å melde deg på Sunnfjord Triatlon?

https://signup.eqtiming.com/paamelding/sunnfjord-triatlon-2022/g295.31471?event=sunnfjordtriatlon