Den første som meldte seg på årets Sunnfjord Triatlon var bergensaren Tony Matre, som beskriv seg sjølv som ein 34 år gammal hobby- og finversmosjonist.

– Eg byrja med triatlon i samband med opptrening etter ei kneskade på fotballtrening. Ein kjenning hadde gjennomført eit triatlon året før, og eg trengte noko å trene mot. Stavanger triatlon 2015 vart mål, og eg trena mot det. Eg likte både variasjonen i treninga, og det faktum at eg konkurrerte både med- og mot meg sjølv. Ein trengte ikkje et lag rundt seg, det handla om meg og min prestasjon, seier Tony.
Tony har tidligare også delteke på Sunnfjord Triatlon.
– Eg deltok i 2018 og 2019, med positive erfaringar. Sunnfjord Triatlon eit lokalt triatlon, med kort reiseveg for meg, samtidig som det er ei veldig fin ramme rundt: Tilbodet er breitt, slik at «alle» kan delta, anten dei vil debutere i triatlon, har erfaring, ønskjer å delta som lag og ikkje minst barn/unge. Sunnfjord Triatlon høver for alle som vil prøve triatlon, på ulike nivå, samtidig som dei klarar å oppretthalde konkurranseaspektet i dette, seier Tony, og legg til at Sunnfjord Triatlon er for alle.
–Det er kjensla av mestring ein sit igjen med, og den er lik, uavhengig av ambisjonsnivå, treningsgrunnlag og utstyr. I tillegg til dette er det ei veldig god kjensle når du nærmar deg Sanden i Naustdal og publikum heier deg fram.
Du kan melde deg på ved å følgje denne linken. Fram til 17.april er det også early bird-prisar, så her kan du spare pengar!