Er du usikker på kva du skal ta med? Her er ei liste over det mest naudsynte.

  • Sykkel. Sjekk at bremsane fungerar og at du har dekk som ikkje er slitt heilt inn til membranen. Sjekk at flaskene du skal nytte passar i flaskehaldaren. Sjekk at alt av skruer og muttere sit stramt. Sjekk at giret fungerar som det skal. Ta gjerne ein vask eller skyll av sykkelen og gå over kjedet med olje.
  • Hjelm. Sjekk at hjelmen din er heil, sit godt på haudet og at hakestroppen fungerar.
  • Solbriller. Solbriller er ikkje eit must, men det hjelper litt mot støv som vert virvla opp på sykkel og ein ser ekstra kul ut.
  • Sykkelsko. Sjekk at cleates’ene sit skikkeleg om du har slike sko, og at du får klikka deg enkelt inn og ut av pedalane.
  • Joggesko. Bruk eit par sko du har brukt før og veit fungerar. Har du heilt nye sko: ta ein liten prøvetur med dei og kjenn at dei sit godt.
  • Våtdrakt. Sjå over våtdrakten og sjå særlig etter om glidelåsen er heil, at snora på glidelåsen er heil og fin, og at den glir enkelt.
  • Symjebriller. Sjekk at dei sit godt. Hugs å ta dei med! Du får vanleg symjehette i deltakarposen din.
  • Drikkeflasker. Ha minst ei drikkeflaske på sykkel og ta med ei ekstra drikkeflaske som kan stå på plassen din i skiftesona.
  • Konkurransetøy. Tenk litt over kva du skal bruke på dei tre ulike delane av konkurransen og hugs at du ikkje kan sykle eller løpe i berre badedrakt eller kort symjebukse. Ha ein tights eller sykkelbukse du kan tre utanpå symjeklea eller svøm i sykkelbukse og dra på ei trøye før syklinga.
  • Handkle. Ha med deg eit eige handkle i skiftesona så du får tørka litt av armar og føter før du kler på deg eller skifter til sykkeltøy. Å ta på teknisk treningstøy på vår hud, er ikkje heilt enkelt.

Lykke til!