WWC2025

Vil du vere frivillig under vektløftar-VM i Førde? Sunnfjord Triatlon og Tambarskjelvar IL søker engasjerte frivillige til VM i vektløfting (WWC2025) som skal arrangerast i Førde. I ti dagar vil verdas beste vektløftarar samle seg i Sunnfjord, og vi treng di hjelp for å skape eit uforgløymeleg meisterskap! Ved at du bidrar får Tambarskjelvar Idrettslag mulighet til å ta del i potten som skal fordelast i etterkant av verdsmeisterskapet.

Vi tilbyr:

  • Ein unik sjanse til å vere del av eit historisk idrettsarrangement
  • Fleksible vakter – både dag og kveld
  • Moglegheit for å bidra både før, under og etter meisterskapen
  • Økonomisk kompensasjon til deltakande lag og organisasjonar
  • Del i fordeling av utstyr til ein verdi av 15 millionar kroner

Kven søker vi?

  • Engasjerte personar som vil bidra til eit vellukka VM
  • Du som kan ta éi eller fleire vakter
  • Frivillige frå heile regionen, i tillegg til medlemmer frå arrangørklubbane

Dette blir ei oppleving for livet, og din innsats vil vere avgjerande for å skape eit vellukka meisterskap for utøvarar og publikum frå heile verda.

Interessert?

Ta kontakt med styret i Tambarskjelvar Idrettslag eller følg denne linken på for meir informasjon om korleis du kan bli med som frivillig under VM. Hugs å merke av for Tambarskjelvar idrettslag slik at ditt bidrar kjem klubben vår til gode.