18.juni arrangerer Tambarskjelvar IL endeleg Sunnfjord Triatlon igjen. For å lage folkefest på Sanden, så treng vi deg som frivillig.

 Det er mange oppgåver knytt til eit stort arrangement, og behovet for frivillige er stort.

– Vi gler oss veldig til å arrangerer Sunnfjord Triatlon igjen. For å gjennomføre eit så stort arrangement er vi heilt avhengig av frivillige, som hjelp til med praktiske oppgåver før, undervegs og etter arrangementet. Sunnfjord Triatlon er eit viktig arrangement for Naustdal, så vi håpar så mange som råd hiv seg rundt og melder seg. Så om du ikkje skal delta i konkurransen så treng vi deg som stasjonnærvakt eller anna frivillig arbeid, seier Siss-May Edvardsen, styreleiar i Tambarskjelvar IL.

 

Inviterer til dugnad: Gjengen frå Tambarskjelvar som skal arrangerer Sunnfjord Triatlon treng frivillige hjelparar.

 

Hiv deg rundt, og bli med

– Til dømes treng løypevaktar, folk som deler ut drikke til utøvarar, vi treng folk til rigging i forkant, og ryddig i etterkant, og fleire andre oppgåver, seier Steffen Stuhaug og kjem med ei gulerot. – Alle som stiller som stasjonærvakt på dagen vil få gratisbillett til festen på kveldstid! Så om du kunne tenke deg å bidra med noko, er det berre å kontakte meg, seier Steffen.

Kontaktinformasjon Steffen Stuhaug:

Tlf. 952 34 603

Stasjonærvaktkurs i Naustdal 20 og 21 mai 2022

Nokre av oppgåvene treng kursing, og alt neste veke blir det arrangert kurs for stasjonnærvakter. Kurset består av to deler:  Første del er digital, og kan utførast når det måtte passe, men denne delen MÅ vere utført før påmelding til del 2.

  • Alle som skal delta på stasjonærvaktkurs del 2, må ha gjennomført e-læringsdelen av det stasjonære vaktkurset, som ligger her: NIF e-læring: Alle kurs (det som heiter Stasjonære vakter del 1)
  • Dersom ein ikkje har profil på Min Idrett, sjå rettleiing her: NIF e-læring: Hva er Min idrett?
  • Del 2 er klasserom-undervisning har ei prøve som blir utført på slutten av kurset. Alle må ha med ein utskift/skjermdump av utført kurs del 1 på del 2 av kurset.

Del to blir sett opp med to kursdagar i klasserom på Naustdal barne og ungdomskule:

20.mai kl .17.00-22.00 og 21.mai kl. 09.00-14. 00.

Vi håpar å fylle begge dagane. Ver gjerne tidlig ute å melde deg på den dagen det passer best, sidan det er maks 20 deltakarar pr. kursdag. På kurset fredag vert det servert pizza. På kurset laurdag vert det servert lunsj av noko slag. Du må melde deg på kursa via Min Idrett.

Spørsmål? Ta kontakt med

Anne Marit S Rygg

Tlf. 95825538

 

Eller

Steffen Stuhaug:

Tlf. 952 34 603

 

Du kan lese meir om Sunnfjord Triatlon her