No er påmeldinga til Sunnfjord Triatlon 2023 åpna🤩

Tambarskjelvar Idrettslag gjentar suksessen, og fyller på ny Sanden med liv og røre! Dette er ein dag for absolutt alle: Triatletar, mosjonistar, trente, utrente, barn, ungdom, bedriftslag og publikum!

– Vi gler oss: 17.juni er det igjen idrettsfest i Naustdal.

Meld deg på HER!

– Dette blir ein fantastisk dag! Trass dårleg veir vart fjoråret ein suksess, og iår vil det om muleg bli enno betre. Finveret bestilt! Små og store skal samlast til idrettsglede, gode opplevingar i flott natur, meistringskjensle og kjekke opplevingar. Vi er klar og gler oss. No håpar vi på mange påmelde, mykje tilskodarar, strålande ver og ein flott dag, seier Steffen Stuhaug i arrangørkomiteen.

Eit arrangement for alle

Råmene rundt Sunnfjord Triatlon er Sanden, Førdefjorden, Naustdal og flott natur. Men sjølv om Naustdal er arena, femnar dei langt vidare enn som så.
– Namnet Sunnfjord Triatlon har frå start av signalisert at dette ikkje er eit arrangement berre for Naustdal, men eit arrangement for heile området vårt.  Målet vårt er å skape noko som samlar folk frå lokalområdet, Sunnfjord, Vestland og i tillegg lokkar folk frå heile landet hit for å oppleve meistring, idrettsglede og kjekke opplevingar i vakre Sunnfjord, seier Steffen.

Publikumsvenleg

Du trur kanskje at Triatlon er vanskeleg å følgje med på? Tvert om, på Sanden er alt lagt til rette for folkefest og gode tilskodaropplevingar.

– Sunnfjord Triatlon er eit veldig publikumsvennleg arrangement. Publikum får meg seg start og symjing på Sanden, samt vekslingar og målgang. Så her er det berre å nyte dagen, det skjer mykje utanom sjølve løpet, det blir publikumsarrangement, utstillarar, matboder og meire til, seier Steffen. Dette er ein idrettfest for alle, og vi gledar oss til å dele den med Naustdal, Sunnfjord og alle tilreisane!

 

Distansar

 

Knøttetriatlon

Lita løype på Sanden

Barnetriatlon

Symjing 50 m – sykkel 2725 meter – løp 460 m

Sprint distanse / Lag

Symjing 500 m – sykkel 20 km – løp 3,7 km

Normal distanse

Symjing 1500 m – sykkel 40 km – løp 10 km

Klikk her for løyper:

Løyper

Prisar

Knøttetriatlon

Gratis

 

Barnetriatlon

Individuell Klasse: Født 2007-2012 (11-16 år) : 100,-

Lag (stafett) klasse: Født 2007-2012 (11-16 år): 250 kr

 

Sprint

Kr. 400,– kr (1. april – 14. april)

Kr. 500,- (15. april – 01. juni)

Kr. 700,- (2. juni – 16. Juni)

 

Lag

Kr. 600,– kr (1. april – 14. april)

Kr. 750,- (15. april – 01. juni)

Kr. 900,- (2. juni – 16. Juni)

 

Normaldistanse

Kr. 500,– kr (1. april – 14. april)

Kr. 700,- (15. april – 01. juni)

Kr. 800,- (2. juni – 16. Juni)

 

T-skjorte: påmelde har moglegheit for å krysse av for t-skjorte. Vi kjem tilbake til kor lenge denne moglegheita kan vere aktiv.