Sunnfjord Triatlon sine konkurransereglar er i høve til konkurransereglementet til Norges Triathlonforbund (NTF), som igjen er underlagt reglane frå International Triatlon Unions (ITU). 

Det nærmar seg Sunnfjord Triatlon. 18. juni brakar det laust, og her får du lovar og reglar som gjeld for arrangementet. PS: Har du huska å melde deg på?

Påmelding her:  

 

Konkurransereglementet har til føremål å:

  • Sikre rettferdige konkurransar i god sportsand
  • Sikre deltakarane sin tryggleik før, under og etter konkurranse
  • Fremme evner og talent utan unødig avgrensning av utøvar sine moglegheiter
  • Gi sanksjonsmoglegheiter ovanfor utøvarar som tilegner seg ein urettmessig fordel

10 reglar i triatlon du må vite om

  • Du har plikt til å stoppe om ein anna deltakar er skada
  • Musikk er ikkje tillete, jf. Dei offisielle reglane gjeve av Norges triatlonforbund
  • Meld frå til funksjonær om du bryt konkurransen
  • Det er ikkje lov å kaste søppel – bruk bosspann
  • Det kan sanksjonerast med tidsstraff eller disk
  • Du kan sjølv velje korleis du vil symje
  • Startnummer skal takast på i skiftesona – det er etter at du har symt
  • Alle skal nytte hjelm under sykling
  • Det er ikkje lov å liggje på hjul («drafting») – hald 10 m avstand
  • Startnummer skal visast på ryggen under syklinga og på framsida under løpinga

 

Triatlonreglar under heile konkurransen
Om ein deltakar vert akutt skada undervegs i konkurranse er ein pliktig til å stoppe og hjelpe om naudsynt. Å høyre musikk ved hjelp av øyrepropper er ikkje tillete. Det same gjeld bruk av av ulike former for kommunikasjonsutstyr. Det er forbode å kaste søppel – du kan kaste søppel lovleg i skiftesona eller i bosspann.
Brot på konkurransereglane kan resultere i at utøvaren vert verbalt advart, og ev diska ved grove eller gjentekne brot på reglane. Utøvarar kan og verte straffa for ufine manerer og eigna oppførsel. Vel ein å bryte konkurranse, av ulike årsaker, er ein pliktig å gi beskjed til nærmaste funksjonær.

Lisens
Alle deltakarar må ha lisens. Har du ikkje heilårslisens, kan du kjøpe eingongslisens. Sjå http://triathlon.no/lisens/ for lisensreglar. Lisensen skal vere betalt ved henting av startnummer.

Tidtakarbrikker
Festast på venstre ankel. Festar du den høgare enn knehøgde vil ikkje tida verte registrert. Utlevert tidtakarbrikke skal leverast arrangøren umiddelbart etter målgang. Mistar du tidtakarbrikka vert det kravd erstatning. 

Symjing

  • Vi held oss til Forbundet sine reglar for < 1 km distanse: Min. 13 grader med våtdrakt og min. 16 grader utan
  • Hanskar/sokker er normalt ikkje lov, men vil vurderast etter temperaturtilhøva
  • Fellesstart frå stranda

Stranda er open for ålmenta. Det må takast omsyn til ålmenn ferdsel og ungar som leikar i området.

 

Sykkel

  • Konkurransen er ”draft illegal”. Med dette meiner vi at det skal vere ein forsvarlig avstand mellom deltakarane når dei syklar:
    • Minimum avstand til sykkel framfor er 10 meter
    • Passering av andre deltakarar må skje i løpet av maksimum 30 sekunder
  • Orinære trafikkreglar gjeld. Ingen vegar er stengt, men det vil vere vakter ute i løypa
  • Det er påbudt med hjelm

 

Løp
Stranda der løp startar er open for ålmenta. Det må takast omsyn til ålmen ferdsel og ungar som leikar i området. Ordinære trafikkreglar gjeld ved løp langs veg.

Cut-off
Utøvarar som ikkje er i mål innan klokka 17.00, vil verte teke ut av konkurransen. Arrangørane har høve til å ta utøvarar ut av konkurransen om det er fare for tryggleiken.

Assistanse

  • Det er ikkje lov å få hjelp til skifting av hjul eller anna reparasjon av sykkel. Naudsynt reparasjonsutstyr må takast med under konkurransen.
  • Langing frå bil er ikkje lov.
  • Det er ikkje lov å få hjelp i skiftesona.

Bilete
Det vert teke bilete under arrangementet som vert publisert på heimesida og facebooksida vår. Om du ikkje ynskjer å få bilete publisert, gjer vel å meld attende til arrangørteamet.

Protestar
Eventuelle protestar mot andre deltakarar, ilagt straff eller resultat må leverast til stemneleiar skriftleg seinast 5 minutt etter målgang, deretter har du 15 min på deg til å skrive ein protest. Det betalast ei avgift på 400 kroner som ikkje vert refundert om protesten vert avvist. Stevnet sin jury vil handsame protesten på vanlig måte og meddele resultatet til klageren på steden. Juryen si avgjersle er endeleg og kan ikkje påklagast.

Doping
Sunnfjord Triatlon og NTF følger Antidoping Norges regelverk. Alle utøvarar er ansvarlege for å sette seg inn i Antidoping Norges regelverk inkludert rutinar for testing. Ha ID kort med bilete tilgjengelig.

Utstyr – Born
For å fremme utvikling av dugleik og like konkurransetilhøve, og samstundes dempe kostnader og utstyrsfokus i barnetriatlon, gjeld følgjande regelverk når det gjeld utstyr for alle startande i klassen born.
For å delta i barnetriatlon må utøverane sin sykkel tilfredsstille dei samme krava som i sykkelritt i Norges Cykleforbund. Krava følgjer klassen ein deltek i.

Her er eit utdrag fra regelverket til NCF:

  • Temposykkel er ikkje tillatt
  • Vekta må overstige 8 kg
  • Styre utan påmonterte bøyler (ungdom). Born kan nytte bøyler som ikkje stikk lengre fram enn bremsehendelen
  • Det er berre tillatt med hjul med aluminiumslegering, og minimum 16 eiker
  • Det er berre tillatt med wirestyrt girsystem

Avgrensingar på utveksling i høve til NCFs regelverk.