Skal du delta på Sunnfjord Triatlon 16. juni? Her er nokre gode råd.

Skal du delta på Sunnfjord Triatlon 16.juni? Her er nokre gode råd.

Eirik Flatjord hos Puls Førde. Foto.

Puls Førde er ein av sponsorane til Sunnfjord Triatlon. Vi slo av ein prat med medeigar og personlig trenar Eirik Flatjord om han hadde gode råd til dei som skal delta, eller lurer på om dei skal delta.

Å fullføre triatlon gir enorm meistringskjensle

Å delta i triatlon er eit tøft mål, men Flatjord har hatt fleire kundar som har trena seg opp frå eit utrent nivå, til å både delta og fullføre.

– Eg har hatt ein del kundar som har delteke på Sunnfjord Triatlon før, og dei sit igjen med ei enorm meistringskjensle etterpå. Her snakkar vi både om folk som er godt trena, til folk som starta på ”0”, og gradvis har komme i form. Triatlon er tøft, men absolutt eit flott mål å ha for treninga. Og det å trene fram mot eit konkrekt mål er ein utruleg fin måte å skape kontinuitet i treninga på. Og ikkje minst gjev den flotte meistringskjensla når ein passerer målstreken flott motivasjon for treninga vidare, seier han.

For dei tøffaste damene og herrane

– Kor god form bør ein eigentlig vere for å hive seg med på Sunnfjord Triatlon?

– Om ein skal vere med på den lange løypa, så bør ein vere i god form. Og ha god symjeteknikk. Utan brenn ein fort mykje krut på første etappe, med 1500 m symjing. Kor tungt dette blir, heng saman med tidsmålet ein set seg. Ein sta person i grei form vil klare å gjennomføre, så lenge ein porsjonerer kreftene ut fornuftig, seier han og smiler.

For folk flest

Den korte løypa er nok den som dei passar folk fleste.

– Men også her ville eg fokusert på god symjeteknikk i treninga. Det er nok her folk flest har minst treningserfaring. 500 meter er ganske langt om teknikken er dårlig. Siste dagene før  Sunnfjord Triatlon starter ville eg slept opp på treningsmengda, og auka intensiteten. Og funne fram våtdrakt og trena i sjø. Eg ville også gjort meg litt kjent med i løypa, seier han.

For bedrifter og vennegjengar

– Skal du delta sjølv?

– Nei, diverre, eg speler jo fotball på Førde IL, så eg spring nok etter ein ball då. Men Puls Førde stiller jo lag, i år igjen. Det er eit kjempeopplegg, der folk kan delta saman, og så vel ein ut den disiplinen dei beherskar best. Det er kjempemorsamt, og det betyr at mange kan delta i idrettsgleda saman.

Eirik sine tre beste tips for den som vil delta i triatlon for første gong

  1. Det aller viktigaste er å ha kontinuitet i treninga og jobbe målbevist over tid slikt att ein er best mulig forberedt. Gjerne finne nokon å trene med som har same målsetnad slik at treninga blir betre og kjekkare. Det gjer det lettare å holde opp kontinuiteten i treninga.
  2. Du bør ha spesifikke økter for kvar av dei tre disiplinane. På generell basis treng folk å jobbe mest med symjinga, sidan dei fleste meistrer dette dårligare enn springing og sykling. Ønsker du å jobbe meir målbevist så kan det vere lurt å få snakka med ein fagperson som kunne fått sette opp ein treningsplan som er tilpassa ditt nivå og målsetnad.
  3. Eg vil og tilrå at ein testar ut i alle fall deler av løypa på førehand, slik at ein er litt kjent med den før dagen ein skal prestere.
Skip to content