Her er informasjon om gjennomføring av Sunnfjord Triatlon 2022, laurdag 18.juni.

  • 11:00 Start dag
  • Miniputt påmelding starter
  • Kl. 11:15 Gjennomgang løypa miniputt triatlon/brifing.
  • 11:45 Miniputt triatlon start – Premiering ved målgang
  • 12:00 Brifing barnetriatlon
  • 12.15 Barnetriatlon start – Premiering ved målgang
  • 12:40 Brifing lang/ kort/lag.
  • 13:00 Lang løype start
  • 14:00 Kort løype og lag start
  • Tidsrommet 16:20-17:00 Premieutdeling kort, lag og lang løype . Premiering starter seinast ved CutOFF, eller kort tid etter siste deltakar er komme i mål.
  • 17:00 CutOFF alle distansar.

Miniputt triatlon (0-10år):

Det vil vere tilgjengelig løypekart som ein kan ta med seg og forklare barna. Vi vil også gå gjennom heile løypa kl. 11:15, for å vise korleis løypa er. Om det blir mange deltakarar, så vil det bli puljestart med dei eldste først.

Alle barn må starte med hjelm og sko, og vere klare for å sykle ved start. Vi ønskjer at barna klarer seg mest mulig i løypa sjølve, men vi ønskjer at føresette spring på sida utanfor løypa og kan hjelpe dersom det er behov. Det er lurt å ta med klesskifte og tørre sko til skifte etter målgang.  Det er lov å nytte sparkesykkel eller sykkel med støttehjul. Det er ikkje behov for våtdrakt, det er vassing i 0-15 cm vatn.

Løypa er estimert til å ta mellom 3-10 minutt.

Barnetriatlon (10-14 år):

Løypekart vil vere synleg på stranda på dagen og på heimesidene våre. Gå gjennom desse og still førebudd på kor ein skal symje, sykle og springe. Det kan vere lurt at føresette hjelper til slik at ein er sikker på at ein kjenner løypa. Det vil vere stasjonærvakter og løypevakter i løypa som stoppar trafikk og viser retning, men normale trafikkreglar gjeld også her. Sei frå til barna at dei må passe på andre trafikkantar og publikum. Det er ønskje om at barna klarer seg mest mulig sjølve, dei vil få hjelp til å få ned glidelås på våtdrakt når dei kjem opp ifrå vatnet.

Lag/Kort og lang løype:

Alle må stille på Racebrif kl. 12:40. Syklar og utstyr i T1/T2 skal helst vere inne innan denne tid, men ein slepp inn på området for å ordne noko dersom det er behov for dette.

Det er same plassering på T1 og T2, og utstyret må derfor ligge samla, legg utstyret i eigne poser for T1 eller T2, eventuelt bruk 1 stk. plastkasse for å legge utstyret i.

Symjedel:

Fredag 10 juni vart det målt 15°c i vatnet, måndag 13 juni vart det målt 10°c. Vi ser no at heldigvis så stiger temperaturen igjen, og er no 11-12°c.

Men vi veit ikkje endelig før vi starter på laurdag 18 juni, men arrangementet vil bli slik:

  • Under 12 °c: Symjedelen utgår, og bli erstatta med ca. 3,3 km løping
  • Over 12-13°c: Kort- og lagkonkurranse går som normalt, men på Lang distanse vil symjedel bli redusert til 500-750m.
  • Over 13°c alle symjeetappane går som normalt.

Elles: Les gjennom triatlonforbunde sine konkurranseregler og vår oppsummering før laurdag, ved spørsmål så er det mulig å stille rittleiar eller andre sekretariatet under dagen eller ta kontakt med oss på Messenger på Facebook. Vi svarer så raskt vi kan.

Link konkurransereglar:

https://www.triatlonforbundet.no/media/3080/ntfs-konkurranseregler-av-10-mai-2016-22042913.pdf

 

Det er ikkje for seint å melde seg på: Det gjer du her

Lykke til laurdag! Vi har bestilt nydelig triatlonvær!

 

Mvh

Stig Savland

Rittleiar