Treng du å ha triatlon-erfaring for å delta i Sunnfjord Triatlon? Svaret er nei. Kompani rask & blid har meldt seg på: Tre blide sjukepleiarar, utan triatlonerfaring. 

Laget består av Monica Solhaug, Andrine Mandelid Horstad og Birgitte Kalland, som alle jobbar som sjukepleiarar på medisinsk poliklinikk i Helse Førde. Dei har meldt seg på som lag, der ein fordeler dei tre øvingane i ein triatlon på tre personar: Ei sym, ei spring og ei syklar.

Kompani rask & blid

Namnet gav seg sjølv:
– Om ikkje anna, er vi alltid i godt humør, seier Andrine.
– Så kan det hende alvoret tek oss etterkvart, skyt Birgitte inn.
– Og rask gjeld berre nokre av oss, slår Monica fast.
– Vi meldte oss på fordi vi har lyst å gjere noko saman, som eit lag, seier Andrine og smiler.
– Alle tre er frå Naustdal, så vi er også oppteken av å støtte eit lokalt arrangement, seier Birgitte.
– Det er viktig å stille opp når det skjer ting i nærmiljøet, seier Monica.

Debutantar

Ingen av dei tre har delteke før.
– Vi er debutantar alle tre, vi har berre vore tilskodarar før, seier dei og fortel at dei ser på dette som ei kjekk utfordringar.
– Og så veit ikkje vi heilt kva vi gir oss ut på, før vi står der på startstreken, seier dei og ler.
– Til tross for lågt nivå, så har vi faktisk fått sponsorar:  Anne Marit Rygg, sjefen vår og Geir Horstad, far min, smiler Andrine.

Kjekt for «proffar» og for amatørar

– Om de skal reklamere for Sunnfjord Triatlon, kva ville de sagt då?
– Så lenge vi har meldt oss på, tenker vi at alle kan bli med. Og gjennomføre, smiler dei.
– Det er lett å tenke på triatlon som noko profesjonelle atletar driv med. Derfor er det kjekt med arrangement som Sunnfjord Triatlon, som legg til rette for at vanlige folk kan vere med på sitt nivå. Lagøvinga er også lettare å gjennomføre for oss amatørar, sidan vi berre tek ei etappe kvar, seier Andrine.
– Det blir ein flott dag: Ein folkefest på Sanden med masse glade folk og god stemning, og ein kjekk etterfest.

 Utfordrar alle andre «på huset»

 – Viss de skulle utfordra andre til å stille lag, kven ville de utfordre?
– Alle våre gode kollegaer her på sjukehuset, seier Birgitte.
– Og alle andre bedrifter i vårt område, seier Andrine
– Det er berre å hive seg med. Kan vi, kan du, seier Monica og smiler.

Tek du utfordringa? Då kan du melde deg på her:

https://signup.eqtiming.com/paamelding/sunnfjord-triatlon-2022/g295.31471?event=sunnfjordtriatlon

 

Les meir: 

Marco er med

Goodtech er med

Spreke nordfjordingar