Ein av dei som har meldt seg på Lang løype under Sunnfjord Triatlon er Torbjørn Os. Han deltok også i 2016, då han kom på andre plass. 

–  Den tid eg kunne hevde meg i toppen er forbi, seier han og ler.
– No handlar det om å fullføre, og om å kjempe mot seg sjølv. Det er det fine med triatlon, det handlar om ein kamp mest mot deg sjølv.

Eit flott arrangement – for alle
– Kvifor meldte du deg på i år?
– Det er så enkelt som at dette er eit lokalt arrangement. Så framt ein kan, bør ein prøve å stille opp då. Eg er i alle fall oppteken av at ein bør støtte opp under det som skjer lokalt, seier han og skryt av Sunnfjord Triatlon.
– Det er eit flott arrangement, det er flott lagt til rette for både deltakarar og publikum. Arenaen er kompakt og fin arena. Det er lagt opp slik at deltakrane er innom området med publikum ofte. Då blir det veldig kjekt å delta, både for løpar og for publikum. Det blir mykje liv og røre og heiarop undervegs, som motiverer, seier han.

Hiv deg med – du også
Sunnfjord Triatlon legg også til rette for at fleire kan delta, i ulike klassar. Torbjørn har ei enkel oppmoding.
– Bli med! Anten du får med deg to andre og stiller som lag, eller du utfordrar deg sjølv i den korte løypa. Og har du lyst å sette eit håret mål, så vel du den lange løypa og prøver deg på noko tøft, der du verkeleg får utfordra deg sjølv. Og har du ikkje moglegheit til å bli med sjølv, så møt i alle fall opp og hei fram dei aktive, smiler han.
Du kan melde deg på her: https://signup.eqtiming.com/paamelding/sunnfjord-triatlon-2022/g295.31471?event=sunnfjordtriatlon

Les meir her: Sunnfjord Triatlon

Amalie i mitt hjerte
Torbjørn stiller for arrangørlaget Tambarskjelvar, men også under sitt eige lag: «Amalie i Mitt Hjerte». Bakgrunnen er at dotter hans, Amalie Os Mallasvik, døydde 17 år gamal, grunna akutt leukemi type AML, etter 96 dagar intens behandling på Haukeland Universitetssjukehus.
– «Amalie i Mitt Hjerte» starta vi med under Bergen City Maraton i 2018. Vi var ein gjeng på over 100 personar,  som sprang maraton for Amalie. Vi fikk laga oss t-skjorter, som eg har delteke med kvar gang sidan, med mål om å samle støtte til Kreftsaka. Alle deltakingane mine er ei påminning om og ein vekkjar for å gi pengar til kreftsaka, og vi har ein alltid pågåande innsamlingsaksjon til Kreftforeninga.

https://innsamling.kreftforeningen.no/kfarbeid/5-12717