Ein av favorittane til å kjempe i toppen av resultatlista i årets Sunnfjord Triatlon er Marco Haupenthal.

Marco er frå Tyskland, men han har budd i Norge sidan 2012. Han er utdanna bilmekanikar og jobbar som serviceleiar hos Auto 8-8 i Ålesund, men det er triatlon som er lidenskapen hans. Det starta i 2013, då han budde i Haugesund.
– Eg hadde delteke i eit sykkelritt. På kviledagen min var eg tilskodar på Ironman 70.3 i Haugesund. Eg vart fascinert over kva dei heldt på med. Å springe og sykle gikk bra, men eg kunne ikkje svømme skikkeleg. Likevel melde eg meg på Ironman 70.3 Haugesund 2014. Så byrja eg å lære meg crawl-teknikk ved hjelp av YouTube-videoar, smiler han.
– Sidan har eg halde på med triatlon.  Spesielt dei siste 4,5 åra har eg trena målretta med god framgang, saman med min gode ven og coach Marc Unger. Han er ein profesjonell trialet med utruleg mykje kunnskap.

 

 

Vann førre gang han stilte

Marco har delteke i Sunnfjord Triatlon tidligare, med suksess.

– Eg var med på Sunnfjord Triatlon i 2019 , og då vann eg, seier Marco.

Han deler gjerne kvifor han deltek igjen.

– Sunnfjord Triatlon er eit veldig flott arrangement. Det står mange flotte menneske bak, som både deltek sjølv, heiar på kvarandre eller stiller som vakt. Det ligg mykje arbeid bak å arrangerer ein triatlon. Og når det blir gjort så flott som i Naustdal set eg stor pris på det, og då må ein berre delta når høvet byr seg.


Marco i fin driv på sykkelen. 

Triatlon – det flottaste du kan oppleve!

– Kva er målsetnaden din i år?

– Målsetnaden er eigentlig alltid den same: Vise fram kva eg har vist i treninga og lønne meg sjølv med ein konkurransen. Det er noko med nervøsiteten ein kjenner før konkurranse. Det er uavhengig om det er eit løp på 5 km eller ein langdistanse-triatlon, så finn ein rytmen og roen så snart startskotet går. Eg syns det er noko av det flottaste ein kan oppleve, seier han.
– Det store mål i år er å klare Ironman Kalmar i Sverige på under 10 timer!

 

Du kan melde deg på her: Sunnfjord Triatlon

 

Du kan lese meir om arrangementet her: Om Sunnfjord Triatlon