Goodtech Superteam har meldt seg på Sunnfjord Triatlon – Det kan di bedrift også gjere. 

Goodtech driv med industriell automasjon, altså robotisering, automatisering og digitalisering. Selskapet er representert i Norge, Sverige og Finland, og har totalt 340 tilsette, blant dei ein sprek gjeng i Førde: Johannes Møgster, Ruth Signe Bruflot og Trond Arild Bolset, som utgjer eit aust-vest snitt av Sunnfjord: Symjar frå Førde, syklist frå Naustdal og løpar frå Jølster.

– Vi er tre yttarst spreke kontorarbeidarar, slår Johannes fast.
– Som ser sprekare ut enn vi faktisk er, meiner Trond Arild.
– Goodteck Superteam er nok ikkje det beste laget, men vi deltek fordi det er kjekt å gjere noko saman, utanom jobb. Målsetnaden er å komme til mål og ha ein fin dag, smiler Johannes.

Utfordrar Normatic AS (og alle andre)
– Viss de skulle utfordra andre bedrifter, kven ville det blitt?
– Normatic, som held til i same bygg som oss. Og om dei melder seg på, så går vi for å slå dei, smiler Johannes.
– Og Tibber kanskje, føreslår Trond Arild.

Debutantar (Bortsett frå Johannes)
Det er første gang Goodtech deltek som lag, sjølv om lysta har vore der lenge.
– Ruth Signe har alltid hatt lyst til at vi skal delta som lag, men det har vore vanskeleg for oss å fylle symjeetappen. Men når Johannes byrja her, så fikk vi endeleg ein som ville ta den etappen, så då var det berre å melde seg på, seier Trond Arild.

Ein konkurranse i konkurransen
Johannes har delteke i Sunnfjord Triatlon før, i kort løype.
– Sunnfjord Triatlon er eit vel fungerande, hyggeleg arrangement med kort reiseveg, så det er sutlaust å delta, smiler han og fortel at han også har meldt seg på kort løype individuelt. Det betyr at han også kjem til å duellere med kollegaene sine når han kjem opp av vatnet.
– Kven vinn?
– Eg trur kanskje Johannes syklar fortare enn Ruth Signe, men at eg kjem på slutten og spring forbi han, svarar Trond Arild med glimt i auget.
Svaret får du 18. juni.
Ruth Signe var ikkje tilstade under intervjuet, men kjem sterkare tilbake.

I mellomtida må du huske å melde på di bedrift, lag, organisasjon, familie eller venegjeng, og ta opp kampen mot Goodtech Superteam.

Det gjer du her: https://signup.eqtiming.com/paamelding/sunnfjord-triatlon-2022/g295.31471?event=sunnfjordtriatlon

Om du vil lese meir om arrangementet, kan du gjere det her: https://sunnfjordtriatlon.no/sunnfjord-triatlon-er-tilbake-18-juni/