Er du usikker på kva du skal ta med? Her får du ei liste over det mest naudsynte tinga i samband med Sunnfjord Triatlon:

Her får du ei liste over kva du bør ha med når du skal konkurrere. PS: Har du huska å melde deg på?

Her melder du deg på!

Konkurransetøy:

Tenk litt over kva du skal bruke på dei tre ulike delane av konkurransen og hugs at du ikkje kan sykle eller løpe i berre badedrakt eller kort symjebukse. Ha ein tights eller sykkelbukse du kan tre utanpå symjeklea eller svøm i sykkelbukse og dra på ei trøye før syklinga.

Symjeetappen

Våtdrakt:
Sjå over våtdrakta og sjå særlig etter om glidelåsen er heil, at snora på glidelåsen er heil og fin, og at den glir enkelt. Det er tillete å symje utan våtdrakt, men ver merksam på at det kan verte kaldt.

Hette/hanskar/sokkar:

Du kan bruke både hette, hanskar og sokkar. Det er ikkje tillete med hanskar med symjehud mellom fingrane.

Symjebriller:

Sjekk at dei sit godt. Hugs å ta dei med!

Symjehette: 

Alle får Sunnfjord triatlon si symjehette. Du må gjerne bruke eigen i neopren i tillegg om du har behov for det.

Handkle: 

Ha med deg eit eiga handkle i skiftesona så du får tørka litt av armar og føter før du kler på deg eller skifter til sykkeltøy. Å ta på teknisk treningstøy

på vår hud, er ikkje heilt enkelt.

 

Sykkel- og løpsetappen

Sykkel:

Sjekk at bremsane fungerar og at du har dekk som ikkje er slitt heilt inn til membranen. Sjekk at flaskene du skal nytte passar i flaskehaldaren.  Sjekk at alt av skruer og muttere sit stramt. Sjekk at giret fungerar som det skal. Ta gjerne ein vask eller skyll av sykkelen og gå over kjedet med olje.

Drikkeflasker:

Ha minst ei drikkeflaske på sykkel og ta med ei ekstra drikkeflaske som kan stå på plassen din i skiftesona. Det kan vere lurt å ha ein energibar el. til sykkeletappen.

Hjelm: 

Sjekk at hjelmen din er heil, sit godt på hovudet og at hakestroppen fungerar.

Solbriller: 

Solbriller er ikkje eit must, men det hjelper litt mot støv som vert

virvla opp på sykkel og ein ser litt kul ut.

Sykkelsko: 

Sjekk at cleates’ene sit skikkeleg og at du får klikket det enkelt inn

og ut av pedalane.

Joggesko: 

Bruk eit par sko du har brukt før og veit at fungerar. Har du heilt nye sko: ta ein liten prøvetur med dei og kjenn at dei sit godt.