Laget «Dei beste består av tre spreke ungdommar frå Tambarskjelvar: Ådne Muldsvor, Torje Vesterheim og Miguel Garfors!

–Mamma foreslo at vi kunne melde oss på, så då spurte eg Torje og Miguel om dei hadde lyst. Og det var god stemning med ein gang, så då meldte vi oss på, smiler Ådne.

Målsetnaden er tilpassa at ingen av dei har veldig mykje triatlonerfaring.
– Eg har delteke i barnetriatlon ein gang før, seier Ådne.

– Eg og, seier Miguel.
– Eg har ikkje vore med, seier Torje.
– Målsetnaden er å prestere godt, seier Ådne.
– Vi må i alle fall fullføre alle etappane, seier Miguel.
– Med stil, seier Torje.

Laget er satt opp med Ådne på symjing, Torjus på sykling og Miguel skal springe.

– Er det noko du har trena på?
– Nei, ikkje på å springe i seg sjølv, men eg speler fotball, og då lyt ein jo springe, smiler Miguel.

– Kvifor burde andre melde seg på også?
– Fordi det er ein kjekk aktivitet, som skjer i lokalmiljøet vårt. Og det er viktig å støtte opp under det som skjer lokalt. Og så er det viktig å utfordre seg sjølv. Og ikkje minst er det gøy å gjere noko saman, som eit lag, anten det er saman med andre i klassen din, vener, fotball-laget ditt eller om du er vaksen, kollegaer, seier Ådne.

– Viss de skulle utfordra nokre andre til å stille då?

– Vektløftarane i Tambarskjelvar, så vi kan slå dei. Og dei andre på fotballaget. Og alle andre. Og læraren vår, Andre Klingenberg.

 

Lyst å melde deg på?

https://signup.eqtiming.com/paamelding/sunnfjord-triatlon-2022/g295.31471?event=sunnfjordtriatlon